Familiekino: Kule kryp 2
Animasjonsfilm. Passar for alle. Ein treng ikkje å ha sett Kule kryp 1.
Gratis - inga påmelding
Den fyrste laurdagen i månaden har du høve til å ta med deg heile familien til biblioteket for å sjå film. Om du vil vere sikker på å få plass, kan du ringje 53655860 for å reservere.
Laurdag 2. mai kl. 12.00 synar me fram filmen Kule kryp 2.
Ved eit uhell blir vennen vår marihøna fanga i ei eske som blir send av garde til ei aude øy langt borte. Småkrypa samlast til ein ny spektakulær redningsaksjon. Men rekk dei fram i tide til å redda marihøna? Kule kryp er tilbake! Ein treng ikkje å ha sett Kule kryp 1.
Animasjonsfilm. Passar for alle.
Du treng ikkje å betale for å sjå filmen.
Filmen blir syna fram på lisens frå Filmrommet. Endringar kan førekomma.
Relaterte filmar
- DVD
- straumevideo

- DVD
- straumevideo
