Familiekino: Operasjon Mumie
Spelefilm. Passar frå 6 år.
Gratis - inga påmelding
I påskeferien har du høve til å ta med deg familien til biblioteket for å sjå film. Om du vil vere sikker på å få plass, kan du ringje 53655860 for å reservere.
Tysdag 31. mars kl. 12.00 synar me fram filmen Operasjon Mumie.
Då det kjem ei egyptisk utstilling til Elvestad, skjer ei rekkje uforklarlege ulykker blant dei tilsette ved museet. Det ryktast at museet er ramma av farao Tutankhamons forbanning. Er verkeleg den gamle myten årsaka til dei mystiske ulykkene eller finst det ei anna forklaring? Barnedetektivene Tiril og Oliver og sporhunden Åtto er på saka.
Spelefilm. Passar frå 6 år.
Du treng ikkje å betale for å sjå filmen.
Filmen blir syna fram på lisens frå Filmrommet. Endringar kan førekomma.
Relatert materiale
- DVD
- straumevideo
