Kosmiske mysterium og spektakulære fenomen
Bli med på eit spennande og entusiastisk føredrag med astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.
Gratis - inga påmelding
Nye superteleskop på bakken og i rommet er i ferd med å revolusjonera kunnskapen vårom Universet. Nye «vindauge» mot rommet gir oss eineståande innsikt i dramatiske, mystiske og spektakulære fenomen. I fjor fekk me både prov for liv på ein fjern planet og på Mars, og no i vinter finn me kanskje ein planet til i Solsystemet. Me er i ferd med å finna ut kva Universet består av, og korleis dei første stjernene og svarte hola blei til.
Nye teleskop synar oss valdsame stjernesmell og stjerner som dansar ein kosmisk dans og smeltar saman, og me ser dei første galaksane, superhola og stjernene etter Big Bang.
Oppdagingane – og overraskingane – står i kø og avslører nye mysterium!
I føredraget kjem me inn på følgjande:
- Prov for liv på ein planet utanfor Solsystemet.
- Finner me Solsystemet sin 9. planet no i vinter?
- I august får heile landet ei verkeleg stor solformørking. Kva skjer, og korleis kan denne opplevast?
- Vil du jobba på Månen eller flytta til Mars?
- Romheisar i løpet av 20 år.
- Svarte hol og ormehol.
- Mystisk mørk materie – spøkelsespartiklar?
- For første gong ser me Universets barndom og mystiske fenomen og objekt
- Den mest valdsame eksplosjonen i historia.
- Blir jorda eller månen treft av asteroidar dei nærmaste åra?
- Aktuelle himmelhendingar + mykje meir.
Relatert litteratur
- teikneserie
Astronomi
