Kultursting - brodering på biblioteket
Kultursting – eit inkluderande og kreativt treffpunkt
Gratis - inga påmelding
Fleire arrangement i denne serien
Velkomen til Kultursting – eit inkluderande og kreativt treffpunkt der broderi er inngangsporten til samtale, samspel og læring.
Bli med på kultursting og utforsk felles kulturelement.
Lær broderi frå ulike delar av verda, samstundes som du treff nye og spennande personar.
Du treng ikkje kunna brodera frå før – her er det plass til både nybyrjarar og erfarne. Saman lærer me av kvarandre.
Du får høve til å bidra med dine eigne erfaringar og perspektiv.
Ta med ditt eige broderiprosjekt, eller bruk det me har.
Kultursting er gratis å vere med på og passar for vaksne og for ungdom.
Enkel servering.