Kvinnehelse
Kvinnehelse frå eit samfunnssexologisk perspektiv - frå ungdom til alderdom
Gratis - inga påmelding
Bli med når Mitt fargerike nabolag og Sanitetskvinnene i Ølen markerer kvinnedagen og inviterer til føredrag med Chiku Ali og Linn-Mari Johansen! I tillegg blir det kaffi og gode, nystekte sanitetslappar som du kan nyte medan du drøsar med andre deltakarar.
Chiku Ali er sosialantropolog og jobbar aktivt for å betre kvinners helse både Tanzania og Noreg. Chiku vil undervegs i arrangementet kome med sine tankar omkring temaet kvinnehelse.
Linn-Mari er pioner innan samfunnssexologi, eit tverrfagleg fagområde som utforskar samanhengen mellom seksuell helse, livskvalitet og samfunnsstrukturar.
Linn-Mari kjem til å setje søkelys på kvinnehelse frå ungdom til alderdom, og vil formide forskingsbasert kunnskap om kvinneleg biologi og seksuell helse. Ho vil fortelje om korleis det som skjer på individnivå kan påverke relasjonar, arbeidsliv og kvardagsfungering, og kvifor seksuell helse er eit essensielt tema også i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv.
Føredraget er ope og inkluderande, og passar for alle som ønskjer auka forståing for kvinnehelse og seksuell helse – enten ein er kvinne sjølv, pårørande, fagperson eller samfunnsinteressert.
Program:
| Tidspunkt | |
|---|---|
| 13:30 | Mingling og kaffi |
| 14:00 | Del 1 av føredrag |
| 14:20 | Pause med underhaldning av Chiku Ali, samt servering av kaffi og lappar. |
| 14:40 | Del 2 av føredrag |
| 15:00 | Oppsummering |
Velkomen til alle!