Seniorkino: Affeksjonsverdi
Sjå den nydelege, intense og gripande filmen som tok Cannes med storm
Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Haldast ikkje i biblioteketStorsalen, Sjøperlo
Affeksjonsverdi følgjer skodespelaren Nora (Reinsve) og systera hennar Agnes (Lilleaas) når den karismatiske faren deira, Gustav (Skarsgård), plutseleg dukkar opp i liva deira igjen etter langvarig fråvær.
Gustav var ein gong ein kjend filmregissør og ønskjer no Nora i hovudrolla i sitt store comeback. Å arbeide med far sin er det siste Nora kan tenkje seg. Ho takkar nei, og inn trer den amerikanske skodespelaren Rachel Kemp (Fanning), som kjem til Noreg for å spele rolla Gustav skreiv til Nora.
Plutseleg må dei to systrene ikkje berre forhalde seg til far sin – dei får òg ei Hollywood-stjerne tråkkande rundt i barndomsheimen, midt i familiens personlege drama.
Premiere: 12.09.2025
Regi: Joachim Trier
Språk: Svensk / Norsk / Engelsk
Produksjonsår: 2025
Sjanger: Drama
Speletid: 2 t. 13 min.
Nasjonalitet: Noreg
Aldersgrense med grunngiving: 9 år
Filmen inneheld enkelte scenar som kan verke uroande på yngre barn. Ho får derfor aldersgrense 9 år.
Produksjonsselskap: Mer Film, Eye Eye Pictures
Det er gratis inngang.
Filmen blir syna fram av Bygdekinoen A/S.