Sjoarakademiet
Arnt Stefansen: Cæsar oppfant germanerne - propaganda og myter i antikkens Roma
Gratis - inga påmelding
Fleire arrangement i denne serien
Ønskjer du å læra noko nytt, utvide horisonten din og bli inspirert? Bli med på våre digitale føredrag med anerkjente føredragshaldarar. Måndagar er føredraget direktesendt. Då har du høve til å delta i diskusjonen og stille spørsmål til føredragshaldar. Onsdagar sender me opptak frå førre veke.
Korleis skaper ein ein fiende – og kvifor? I dette foredraget blir det avdekt korleis Julius Cæsar brukte mytar og propaganda til å forma biletet av “germanarane” i antikkens Roma. Det er historia om eit politisk maktspel som har sett spor heilt fram til i dag.
Foredragshaldar: Arnt Stefansen er journalist og mangeårig utanrikskorrespondent for NRK. Han har mellom anna vore stasjonert i Berlin og har følgt europeisk politikk og kultur tett gjennom fleire tiår. I dag bur han i Roma, der han held fram med å formidla innsikt frå Europa til eit norsk publikum.
Velkomen til alle.
Føredraget blir syna fram i samarbeid med Senioruni.no