Sjoarakademiet på ein onsdag
Eirik Kvindesland (PhD): Israel og Iran - Gamle venner nye fiender
Gratis - inga påmelding
Fleire arrangement i denne serien
Ønskjer du å læra noko nytt, utvide horisonten din og bli inspirert? Bli med på våre digitale føredrag med anerkjente føredragshaldarar. Måndagar er føredraget direktesendt. Då har du høve til å delta i diskusjonen og stille spørsmål til føredragshaldar. Onsdagar sender me opptak frå førre veke.
Iran og Israel står i dag på kvar si side av ein djup og farleg konflikt. Slik har det ikkje alltid vore. I dette foredraget gir Eirik Kvindesland eit historisk bakteppe for å forstå dagens spenningar i Midtausten. Med utgangspunkt i persiske og hebraiske kjelder viser han korleis to tidlegare allierte vart strategiske motstandarar – og kvifor denne historia er avgjerande for å forstå situasjonen i dag.
Foredragshaldar: Eirik Kvindesland har doktorgrad i historie frå University of Oxford og er spesialist på Iran og Midtausten. Han har publisert ei rekkje fagartiklar, opptrer jamleg som kommentator i norske og internasjonale medium, og har vore sjefredaktør for Oxford Middle East Review.
Velkomen til alle.
Føredraget blir syna fram i samarbeid med Senioruni.no