Sjoarakademiet

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Lær noko nytt og møt andre på våre direktesendte føredrag med anerkjente føredragshaldarar.

Logo: Yggrasil med tekst over: Sjoarakademiet. Under: Vindafjord bibliotek. Alt i grøn farge.
Logo: Yggrasil med tekst over: Sjoarakademiet. Under: Vindafjord bibliotek. Alt i grøn farge.
Logo: Yggrasil med tekst over: Sjoarakademiet. Under: Vindafjord bibliotek. Alt i grøn farge.

Gratis - inga påmelding

Dato

måndag, 27. januar

Tid

11:00 - 12:00

Stad

Vindafjord bibliotek - Dreganesvegen 40, 5580 Ølen

Fleire arrangement i denne serien

  • måndag, 24. februar

Ønskjer du å læra noko nytt, utvide horisonten din og bli inspirert? Då er våre direktesendte føredrag midt i blinken for deg.

I dag kan du høyre meir om historia om eplet. Føredraghaldar er Torolf Kroglund.

Torolf Kroglund er litteraturvitar, tidlegare journalist, festivalsjef for Ibsen- og Hamsundagene, og kultursjef i Risør. Han har skrive fleire sakprosabøker. Hans siste bok, som dannar grunnlaget for føredraget er, Eplets historie – en reise fra Almaty til Atlanterhavet (2024).

Eplet kjem frå ein stad øst for Eden, Almaty (før: Alma Ata) i Kasakhstan. Frå der har det følgt menneska på ferda vestover. Bli med på den spennande og interessante reisa Kroglund tek deg med på i sporet av eplet sin historie. Eplet er i dag verdas mest populære frukt som ein finn over store delar av kloden. Det er og helt sentralt i myte, religion og kultur – og eit symbol for vitskap og kunnskap. Kva er det med eplet som er så fruktbart for oss?

Heile våren byr me på eit variert program med tema som garantert vil engasjera. Du vil få høve til å delta i diskusjonane og stille spørsmål direkte til føredragshaldarane. Velkomen til alle.

Liste over føredrag våren 2025

Føredrag våren 2025
DatoKlokkeslettFøredragFøredragshaldar
13. januar11:001178 netter - ein historie om tvangsekteskap i Noreg. Marte Spurkland
20. januar14:00Merk tida! Frå kyrkjemalar til bacalao - nordmennene sin unike historie i Sør-Amerika. Arnt Stefansen
27. januar11:00Historien om eplet - Kva har Kasakhstans fjell, Bibelen sine freistingar og norrøn mytologi til felles? Torolf Kroglund
10. februar11:00Frå Tinos til antikkens Athen: Fest, tru og kultur gjennom tidene.Evy Johanne Håland
24. februar11:00Den naturnære hagenProf. Dag Jørund Lønning.
10. mars11:00Krig er forakt for livLinn Stalsberg
24. mars11:00Diagnose: Kvinne - Kvifor kvinnehelse fortsatt blir oversett i medisinen. Liv Bjørnhaug Johansen
07. april11:00Årstidene: Naturen sine under - frå hjerneetande dyr til vårens første humle.Vibeke Riiser-Larsen
14. april14:00Merk tida! Kva er typisk italiensk? Ei reise gjennom kultur, historie og lidenskapArnt Stefansen
05. mai11.00Tilbakeslaget – hva betyr den reaksjonære bølgen for oss?: Caroline Tromp
19. mai11.00Hvordan kan seniorer forbli i arbeid lengst mulig?Hege Sofie Hesselberg
02. juni11.00Tett på makta – 40 år i norsk politisk journalistikkAnders Takvam
16. juni11.00Kirkens og pavens makt – en nøkkel til Italias historieArnt Stefansen