Sjoarakademiet på ein onsdag
Fekk du ikkje med deg Sjoarakademiet då direktesendinga gjekk? Sjå førelesinga i opptak.
Gratis - inga påmelding
Ønskjer du å læra noko nytt, utvide horisonten din og bli inspirert? Då er våre digitale føredrag midt i blinken for deg. Måndagar kan du få med deg føredraget direkte. Då har du høve til å stille føredragshaldaren spørsmål direkte. Onsdag ettermiddag sender me opptak, slik at du får høve til å få med deg dei interessante og inspirerande føredraga på ettermiddagstid.
I ettermiddag har du høve til å høyre Arnt Stefansen sitt føredrag: Nordmenn i Sør Amerika.
Arnt Stefansen er tidlegare utanriksmedarbeidar i NRK og forfattar av bøker om internasjonal politikk. Hans engasjement i NRK har gitt han høve til å bidra til et bredt spekter av program, inkludert samfunns- og kulturrelaterte innslag. Stefansen er kjent for å fange komplekse samfunnstema og menneskelege erfaringar både gjennom sine bøker og sitt mediearbeid. I dette føredraget blir du kjent med alt frå den første nordmannen i Brasil til fram til i dag med olje og Bacalao.
Heile våren byr me på eit variert program med tema som garantert vil engasjera.
Velkomen til alle.
Liste over føredrag våren 2025
| Dato | Klokkeslett | Føredrag | Føredragshaldar |
|---|---|---|---|
| 22. januar | 16:00 | 1178 netter - ein historie om tvangsekteskap i Noreg. | Marte Spurkland |
| 29. januar | 16:00 | Frå kyrkjemalar til bacalao - nordmennene sin unike historie i Sør-Amerika. | Arnt Stefansen |
| 05. februar | 16:00 | Historien om eplet - Kva har Kasakhstans fjell, Bibelen sine freistingar og norrøn mytologi til felles? | Torolf Kroglund |
| 19. februar | 16:00 | Frå Tinos til antikkens Athen: Fest, tru og kultur gjennom tidene. | Evy Johanne Håland |
| 05. mars | 16:00 | Den naturnære hagen | Prof. Dag Jørund Lønning. |
| 19. mars | 16:00 | Krig er forakt for liv | Linn Stalsberg |
| 02. april | 16:00 | Diagnose: Kvinne - Kvifor kvinnehelse fortsatt blir oversett i medisinen. | Liv Bjørnhaug Johansen |
| 16. april | 16:00 | Årstidene: Naturen sine under - frå hjerneetande dyr til vårens første humle. | Vibeke Riiser-Larsen |
| 23. april | 16:00 | Kva er typisk italiensk? Ei reise gjennom kultur, historie og lidenskap | Arnt Stefansen |
| 14. mai | 16.00 | Tilbakeslaget – hva betyr den reaksjonære bølgen for oss? | : Caroline Tromp |
| 28. mai | 16.00 | Hvordan kan seniorer forbli i arbeid lengst mulig? | Hege Sofie Hesselberg |
| 11. juni | 16.00 | Tett på makta – 40 år i norsk politisk journalistikk | Anders Takvam |
| 25. juni | 16.00 | Kirkens og pavens makt – en nøkkel til Italias historie | Arnt Stefansen |