Krukkedilla

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Ungdom

Velkomen til eit inspirerande foredrag med Anders Røyneberg og Erik Schjerven, aka @arcticgardener

Bilete synar føredragshaldarane medan dei ser på blomar som gladiol, begonia, georginer i kraftige fargar.
Bilete synar føredragshaldarane medan dei ser på blomar som gladiol, begonia, georginer i kraftige fargar.
Bilete synar føredragshaldarane medan dei ser på blomar som gladiol, begonia, georginer i kraftige fargar.

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 16. januar

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Vindafjord bibliotek - Dreganesvegen 40, 5580 Ølen

Arrangør

Vindafjord bibliotek

Velkommen til eit inspirerande, grønt foredrag med hageprofil Anders Røyneberg og Erik Schjerven, aka @arcticgardener, kjent frå blant anna God morgen Norge.

Foredraget passar for alle som vil lykkast med dyrking av både pryd- og spiselige vekstar i potter, pallekarmar og krukker. Her vil det bogna av inspirasjon, uansett storleik på hus, hage, leiligheit og lommebok.

I Krukkedilla-foredraget vil både du som er nybyrjar og hagekyndige læra korleis du kan lukkast med :

- sommarblomar

- staudar

- buskar og trær

- urter

- utvalte grønsaker

- løk & knollar

- såing av frø

Kom og få inspirasjon til kva du kan få til å spire og gro og korleis du kan gjere ditt uterom grønt og trivelig.

Det blir og trekning av en grøn gåve i tillegg til sal av signerte bøker.

Velkomen til føredrag og hageshow!


Om føredragshaldarane:


Anders Røyneberg aka @arcticgardener er født på Jæren, vaks opp på bondelandet i Østfold og er no busett på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sjukepleiar og sexolog. Til dagleg arbeider Anders som terapeut, skribent og føredragshaldar.

Erik Schjerven er frå Oppland og utdanna marknadsførar. Han er, som Anders, planteelskar og jobbar som forretningsutviklar i den lokale næringshagen.

Saman har de skrive bøkene Plantelykke, Plantebonanza og Livsnyterhagen, som alle er bestseljarar i Noreg og omsett til fleire språk. Våren 2024 kom den nyaste boka frå dei; Krukkedilla,. Det er denne boka føredraget deira er basert på.

Arrangementet er gratis.

Relatert litteratur