Hopp til hovudinnhald

Filmoteket

Filmtenester

Sjå kvalitetsfilm gratis i biblioteka si eiga strøymeteneste.

I strøymetenesta Filmoteket kan du låne eit stort utval norske og internasjonale filmar for både barn og vaksne. Det er gratis å bruke Filmoteket, alt du treng er eit nasjonalt lånekort.

Det er aldri ventetid på filmar i Filmoteket. Når du låner ein film er den tilgjengeleg for deg i 48 timar.

Du kan låne 4 filmar per månad.

Kom i gang

For å gå i gang med å låne filmar i Filmoteket går du til registreringssida. Ha lånekortet ditt klart, du treng lånekortnummer og PIN-koden din for å lage ein ny brukar.

Manglar du lånekort? Registrer deg her eller kontakt oss i biblioteket.

Lurar du på noko? Her kan du lese meir om Filmoteket.

Eit utval filmar du kan sjå i Filmoteket: