Bok i butikk

Sist oppdatert 15. nov. 2023

Vindafjord bibliotek har ei ordning kalla Bok i butikk. Her kan du låna og tinga bøker på internett, e-post eller telefon.

Bøkene blir køyrt til ein butikk eller bensinstasjon i nærleiken av deg.

I katalogen til biblioteket kan alle sjå kva bøker, filmar, tidsskift og anna biblioteket har. For å nytta deg av ordninga må du ha lånekort og tilgang til Mappa mi.

Du kan også fylla skjema som du finn på denne sida og senda til biblioteket på e-post eller som vanleg post. Adressa er Vindafjord bibliotek, Postboks 115, 5588 Ølen.

Du kan også ringa oss på telefon 53 65 58 60.

Når du har funne det du ønsker på nett, klikk på «bestill», og meldinga går til biblioteket. Kvar onsdag blir bestillingane køyrt til stadane under. Her kan du også levera inn bøker du har lånt.

  • Esso Skjold
  • Joker i Vikebygd
  • Joker i Vikedal
  • Matkroken i Kvaløy
  • Shell på Knapphus
  • Shell i Sandeid

Kontakt

Vindafjord kommune
Ansvarleg redaktør: Silje Holden Birkeland
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content