Hopp til hovudinnhald

20. januar - 7. februar

Klede og berekraft

Klesbyttedagen, føredrag om "Fast Fashion", familiekino og strikketreff.

Bilete av føredragshaldar Lisa Blom og eit klestativ
Bilete av føredragshaldar Lisa Blom og eit klestativ
Bilete av føredragshaldar Lisa Blom og eit klestativ

Torsdag 5. februar:

Frå kl. 17.00 blir det strikketreff i samarbeid med Ølen Husflidslag.

Kl. 19.00 blir det føredrag med Lisa Blom om Fast Fashion – prisen BAK billige klær.


Laurdag 7. februar:

Kl 10.00 - 15.00 arrangerer me igjen Klesbyttedagen i samarbeid med Ølen Husflidslag.

Kl. 12.00 er det familiekino på biblioteket, kor me synar filmen Ask & Ylva - Snørevenes utrolige reise.

Relaterte sider

Byttereglar

1 - Finn fram klede:
Du finn fram maks 10 rene og pene kleplagg, og leverer dei til biblioteket. Fint tilbehør (for eksempel vesker og skjerf) og sko i god stand blir òg teke imot. Undertøy, badetøy og sokkar blir ikkje teke imot.

2 - Bytt klede i lodd:
For kvart plagg du leverer får du eit byttelodd, og kan velje ut eit anna plagg på Klesbyttedagen.

3 - Lapp gjev nye klede:
På Klesbyttedagen byttar du inn byttelodda dine mot plagga du har valt, og kan gå nøgd heim med nytt tilskot til garderoba.

4 - Klede til overs blir gitt vekk:
Du får ikkje igjen kleda du har levert inn. Klede som blir til overs blir donert til Frivilligsentralen, vaksenopplæringa, Fretex eller lignande.

Relatert litteratur