Roman • Historiske forteljingar • 11 – 15 år
Rafarta
Lån boka
Tilgjengeleg på nynorsk:
Anbefaling frå eit anna bibliotek
Ei rett fram historie frå tidlig vikingtid
Gjesdal folkebibliotek
Rafarta er røva frå Dublin og no ventar ein ublid skjebne henne i Hiortha, som irane kallar Noreg. Men Rafarta er ikkje skjebnetru og trosser alt og alle for å kome seg heim. Frå fyrste side der ho kjem opp på svaberget etter å ha symt frå vikingskipet til slutten på det opne hav er det heile tida ei vill jakt på veg heim. Ho er innom mykje denne ungjenta, så det vert aldri keisamt. For oss i Rogaland er det gjevt at store deler av handlinga foregår på Karmøy.
Boka er som norrøn tekst skal vere, korthogd og handlingsdrevet. Historia tek slutt etter 95 sider, så kjem ein kort faktadel med bilete som greier litt ut om personar, tid og ulike roller i det norrøne samfunnet.

Relaterte sider
Om boka
Forteljinga startar i år 870 etter Kr. - nokre få år før Harald Hårfagre legg ut på erobringstoktet sitt. Den irske ungjenta, Rafarta, vert røva av vikingar og teken med på ferda mot den norske vestkysten. Etter å ha styrt gjennom eit ofseleg uvêr ute i Nordsjøen, legg eit skipsmannskap seg til ro på sørsida av Stord. Om natta maktar Rafarta å rømma frå skipet. Det vert opptakten til ei farleg og spanande flukt for å komma seg unna mannskapet, som tek opp jakta. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet.