Sjoarakademiet på ein onsdag
Guro Kulset Merakerås: Gutten på stranden - ti år etter bildet som rystet Europa
Gratis - inga påmelding
Fleire arrangement i denne serien
Ønskjer du å læra noko nytt, utvide horisonten din og bli inspirert? Bli med på våre digitale føredrag med anerkjente føredragshaldarar. Måndagar er føredraget direktesendt. Då har du høve til å delta i diskusjonen og stille spørsmål til føredragshaldar. Onsdagar sender me opptak frå førre veke.
Eitt bilete endra Europa sitt syn på flyktningkrisa i 2015. Ti år seinare spør me: Kva skjedde etterpå – og kva har me gløymt? I dette foredraget tek Guro Kulset Merakerås oss med bak bileta som prega nyheitsstraumen, og inn i Europas største flyktningleir. Med eigne erfaringar som journalist viser ho korleis ei igangverande menneskerettskrise gradvis forsvann frå offentlegheita.
Foredragshaldar: Guro Kulset Merakerås er journalist og forfattar med bakgrunn i språk og litteratur frå NTNU. Ho har arbeidd som frilansjournalist sidan 2007 og er heidra av Norsk journalistlag for arbeidet sitt med Europas yttergrenser. Ho har gitt ut fire sakprosabøker, blant dei Moria. På innsida av Europas største flyktningleir, som også er gitt ut internasjonalt.
Velkomen til alle.
Føredraget blir syna fram i samarbeid med Senioruni.no