Hopp til hovudinnhald

Strikketreff med føredrag knytt til Klesbyttedagen

Verkstad og kreativitet
Vaksne
Ungdom

Bli med på årets første strikketreff, og eit foredrag med Lisa Blom om prisen bak "Fast Fashion"

Bilete av eit klestativ, strikkepinnar og garn, og føredragshaldar Lisa Blom
Bilete av eit klestativ, strikkepinnar og garn, og føredragshaldar Lisa Blom
Bilete av eit klestativ, strikkepinnar og garn, og føredragshaldar Lisa Blom

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 5. februar

Tid

17:00 - 20:00

Stad

Arrangør

Ølen husflidslag
Legg til i kalender

Torsdag 5. februar

Frå kl. 17.00 blir det strikketreff i samarbeid med Ølen Husflidslag

Kl. 19.00 blir det føredrag med Lisa Blom om Fast Fashion – prisen BAK billige klær

Kva kostar eigentleg kleda me kjøper? Bak låge prisar skjuler det seg store konsekvensar for både menneske og miljø. Lisa Blom fortel om fast fashion, overforbruk, arbeidsforhold i klesindustrien og kva som skjer med kleda me kastar – og kva me sjølv kan gjera annleis.


Laurdag 7. februar arrangerer me igjen Klesbyttedagen i samarbeid med Ølen Husflidslag.

I perioden 22. januar til 5. februar kan du kome innom biblioteket med plagga du vil bytte vekk. Du vil då få eit byttelodd pr. plagg du leverer inn. Plagga må vere reine og heile.

På Klesbyttedagen laurdag 7. februar kan du ta byttelodda med deg, og hente same tal klede som du har byttelodd. Vindaverkstaden vil vere open, og her kan du få hjelp til reparasjonar, tips til omsaum med meir. Du kan òg ta med eigne plagg du vil ha hjelp til å reparera eller sy om.

Bli med og gjer ein forskjell – eitt plagg om gongen.

Relatert litteratur

Relaterte sider