Blücher - gratis seniorkino

Film og spel
Vaksne

Blücher er eit nervepirrande historisk drama om eit avgjerande augeblikk i Noreg si historie.

Filmplakat frå Blücher. Oppå plakaten er det lagt teksten "Seniorkino".
Foto: Bygdekinoen
Filmplakat frå Blücher. Oppå plakaten er det lagt teksten "Seniorkino".
Foto: Bygdekinoen
Filmplakat frå Blücher. Oppå plakaten er det lagt teksten "Seniorkino".
Foto: Bygdekinoen

Gratis - inga påmelding

Dato

tysdag, 30. september

Tid

14:00 - 15:30

Stad

Haldast ikkje i biblioteketStorsalen, Sjøperlo. Dreganesvegen 40, 5580 Ølen

Legg til i kalender

Bli med når me inviterer til gratis Seniorkino!

Me synar fram storfilmen Blücher som hadde premiere på norske kinoar 26. september 2025.

Blücher er eit nervepirrande historisk drama om eit avgjerande augeblikk i Noreg si historie – og om eitt modig val frå ein mann då landet stod på randa av krig og okkupasjon.

Natt til 9. april 1940 står oberst Birger Eriksen (Bjørn Sundquist) overfor sitt livs største dilemma.

Fleire framande skip er observerte seglande gjennom den tette tåka i Oslofjorden. Ingen veit kvar skipa kjem frå, eller kva dei skal. Skal han angripa – eller ikkje? Oberst Eriksen må ta eit val – og han må gjera det heilt åleine. Om han vel feil, kan det få fatale konsekvensar – ikkje berre for han sjølv og soldatane, men òg for dottera Borghild, som bur og jobbar saman med han på Oscarsborg festning.

BLÜCHER er eit nervepirrande actiondrama der me følgjer det intense døgnet før og etter senkinga av den tyske kryssaren. Samstundes skildrar filmen Eriksens kamp mot skuldingar om inkompetanse og feigskap like etter krigen.

BLÜCHER er regissert av Daniel Fahre, som mellom anna har laga TV-serien Rådebank og dokumentarane Marcus & Martinus – Sammen om drømmen og Born2Drive. Manus er skrive av Axel Hellstenius (Døden på Oslo S, Elling) og Melike Leblebicioğlu Kaveh (Rebound, Grenseland og Norsk-ish).

Premiere: 26.09.2025
Originaltittel: Blücher
Regi: Daniel Fahre
Språk: Norsk
Produksjonsår: 2025
Sjanger: Krigsfilm / Drama / Action
Speletid: 1 t. 34 min.
Nasjonalitet: Noreg
Aldersgrense med grunngjeving: 12 år
Filmen inneheld parti med intens og mørk stemning, samt skildringar av krigshandlingar. På grunn av dette får filmen aldersgrense 12 år.
Produksjonsselskap: Fenomen

Filmen blir syna fram av Bygdekinoen AS. Dette er eit profesjonelt selskap som synar fram filmar i heile Noreg.

Relatert litteratur