Bokbad og konsert med Tom Roger Aadland

Musikk og konsert
Vaksne
Ungdom

Få med deg konsert og bokbad med rockepoeten Tom Roger Aadland.

Svart/kvitt foto av Tom Roger Aadland som står på scene. Stemmer gitar. Har hatt, stripet dressjakke og mønstra skjorte.
Foto: Arvid Børretzen
Svart/kvitt foto av Tom Roger Aadland som står på scene. Stemmer gitar. Har hatt, stripet dressjakke og mønstra skjorte.
Foto: Arvid Børretzen
Svart/kvitt foto av Tom Roger Aadland som står på scene. Stemmer gitar. Har hatt, stripet dressjakke og mønstra skjorte.
Foto: Arvid Børretzen

Gratis - inga påmelding

Dato

onsdag, 22. oktober

Tid

19:00 - 20:15

Stad

Haldast ikkje i biblioteketGamlatunet, Vikevegen 1175, 5568 Vikebygd

Legg til i kalender

Rockepoeten Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste låtskrivarane her i landet dei siste åra. No er songtekstane hans tilgjengelege i boka «Alle dei i ei – Songlyrikk 1999-2024».

Onsdag 22. oktober held han konsert på Gamlatunet i Vikebygd, og blir bokbada av Silje Holden Birkeland frå Vindafjord bibliotek.

Aadland slo gjennom med Dylan på nynorsk-albumet «Blod på spora» i 2009. Så begynte han å skriva på nynorsk sjølv, og til no har det kome elleve kritikarroste album frå hans hand. Fleire av songane hans har blitt mykje spelt på norsk radio, og mange vil kjenna igjen titlar som «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies og Vamp, og han har hatt skrivesamarbeid med Kjartan Fløgstad og Trygve Skaug. I den nye boka er alle tekstane frå hans eigne soloplater samla, i tillegg til mange av tekstene han har skrive for andre artister.

«Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive fra­sar teikne opp ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande», skreiv Dag og Tid for ti år sidan. Då albumet «Motgift» kom ut, skreiv Klassekampen: «Han kan til tider minne om en norsk Cohen, i balansegang mellom hverdag og mytologi, Jokke og Homer.» «Poesien sin misjon er ikkje å ta i bruk dei største orda, men å smi dei små orda i linjer og vers, gi dei meining», skriv lyrikaren Endre Ruset i føreordet til boka. Aadland sin songlyrikk rommar både det nære og det vidfemnande.

Aadland sine Dylan-gjendiktingar har blitt lagt merke til av mange, og då biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar, og H.M. Kongen blant tilhøyrarane.

Relatert musikk