Bygdekino: Ola Froskesnapper

Film og spel
For alle

Få med deg den morosame filmen tufta på boka "Sirkus Benito kommer til byen" av Ole Lund Kirkegaard.

Bilete synar filmplakat frå filmen Ola Froskesnapper
Foto: Filmrommet
Bilete synar filmplakat frå filmen Ola Froskesnapper
Foto: Filmrommet
Bilete synar filmplakat frå filmen Ola Froskesnapper
Foto: Filmrommet

Gratis - inga påmelding

Dato

laurdag, 6. september

Tid

12:00 - 13:30
Legg til i kalender

Den fyrste laurdagen i månaden har du høve til å ta med deg heile familien til biblioteket for å sjå film. Om du vil vere sikker på å få plass, kan du ringje 53655860 for å reservere.

10 år gamle Victor bur i ein liten, søvnig by der ting går sakte. Victor har det gøy saman med hunden sin Pølse og bestevennen Jakob. Alt hadde vore perfekt, hadde det ikkje vore for Ola Froskesnapper, den dummaste og eklaste bølla i heile byen.

Animasjonsfilm som passar for alle.

Du treng ikkje å betale for å sjå filmen.
Filmen blir syna fram på lisens frå Filmrommet.

Relatert litteratur