Grevlingene

Film og spel
Barn
Ungdom
Vaksne

Grevlingane er ein rampete og hjartevarm actionfylt komedie om å finna seg sjølv.

Filmplakat frå Grevlingene.
Foto: Bygdekinoen
Filmplakat frå Grevlingene.
Foto: Bygdekinoen
Filmplakat frå Grevlingene.
Foto: Bygdekinoen

Gratis - inga påmelding

Dato

tysdag, 30. september

Tid

18:00 - 19:45

Stad

Haldast ikkje i biblioteketStorsalen, Sjøperlo. Dreganesvegen 40, 5580 Ølen

Legg til i kalender

Bli med når me inviterer til familiekino!

Grevlingane er ein rampete eventyrkomedie for heile familien om vennskap, store draumar og jakta på å finna sin plass – i speidaren og i verda.

Foreldrelause Bernt drøymer om å bli speidar, og ser eit håp då han klarer å bløffa seg inn i den lokale speidartroppen Grevlingane. På klubbhuset blir alt fort mykje meir komplisert når den nye foster­mora hans, Gerd, tvingar seg inn som medleiar i speidarpatrulja. Gerd er enormt sjefete og ekstremt oppteken av kva som er lov å seia, og ho vil setja i gang ein speidar-revolusjon som absolutt ingen har bede om. Korleis skal Bernt redda Grevlingane frå Gerd – og seg sjølv frå å bli avslørt?

Grevlingane er ein hjartevarm og actionfylt komedie om å finna seg sjølv, når verda prøver å forandra deg. Filmen fekk eit stort kvalitetsstempel då ho blei invitert til familiefilm-programmet hos sjølvaste Locarno, ein av dei eldste og mest prestisjetunge filmfestivalane i verda.

«Den er mykje betre enn Disney-filmar!» – Avisen Agder

«Fart, humor og spenning» – NRK Filmpolitiet

«Sjarmerande, original norsk barnefilm med action» – Adresseavisen

«Ein tipp-topp barnefilm» – Klassekampen

«Ungane er skikkeleg gode, og historia verkar velkjend på koseleg, nostalgisk måte» – Dag og Tid

«Grevlingane er ein vellaga liten film. Både store og små vil finna mykje å le av. Og for alle landets speidarar må den jo vera gull frå ende til annan» – Fædrelandsvennen

Premiere: 19.09.2025

Originaltittel: Grevlingane

Regi: Paul M. Lundø

Språk: Norsk

Produksjonsår: 2025

Sjanger: Eventyr / Komedie / Familiefilm

Speletid: 1 t. 44 min.

Nasjonalitet: Noreg

Aldersgrense med grunngjeving: 6 år

Grevlingane inneheld enkelte kortvarige valdsskildringar og dramatiske scener. I tillegg skildrar filmen noko ustabile vaksenpersonar. Sidan filmen har ein lys og humoristisk grunnstemning, valdsskildringane stort sett er kortvarige og/eller overdrevne, og dei ustabile vaksenpersonane verkar lite trugande, blir det vurdert at filmen ikkje vil vera skadeleg for born over 6 år. Aldersgrensa er sett til 6 år i samråd med Medietilsynet.

Produksjonsselskap: 73 Eyes Film Production.

Filmen blir syna fram av Bygdekinoen AS. Dette er eit profesjonelt selskap som synar fram filmar i heile Noreg.