Heimedyrka –Skap din eigen grønsakhage, uansett plass

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Høyr eit givande føredrag med Anders Røyneberg og Erik Schjerven (kjent som @Arctic Gardener)

Biletet synar Anders Røyneberg og Erik Schjerven saman med ein katt. Bilete er tatt i hagen.
Biletet synar Anders Røyneberg og Erik Schjerven saman med ein katt. Bilete er tatt i hagen.
Biletet synar Anders Røyneberg og Erik Schjerven saman med ein katt. Bilete er tatt i hagen.

Gratis - inga påmelding

Dato

onsdag, 14. januar 2026

Tid

19:00 - 20:30

Stad

Legg til i kalender

Velkomen til føredrag med Anders Røyneberg og Erik Schjerven (òg kjent som Arctic Gardener). Føredraget passar perfekt for deg som vil dyrka din eigen mat.

Drøymar du om å nyta smaken av ferske, heimedyrka grønsaker? Solmodne tomater, duftande urter, sprø salatblad og smakfulle rotgrønsaker – rett frå ditt eige uterom, uansett om du bur i byen eller på landet?

Sjølv om du kanskje ikkje har ein stor hage, er det fullt mogleg å skapa ein frodig kjøkenhage heime. I føredraget Heimedyrka viser Anders og Erik deg korleis du enkelt kan dyrka dine eigne grønsaker på balkongen, terrassen eller til og med i vindaugskarm. Alt du treng er nokre potter, litt jord og ein god dose inspirasjon.

Føredraget gir deg praktiske tips om alt frå val av behaldarar og jord til stelletips som gjer at avlinga di trivst.

Å dyrka eigen mat er ikkje berre bra for helsa – det gir òg mykje glede og ei kjensle av meistring.

Velkomen til eit føredrag som handlar om meir enn å dyrka mat – det handlar om å dyrka glede, fellesskap og berekraftige val for framtida. Me lovar at det ikkje blir nokon peikefinger, berre heiarop, humor og god stemning.

Det blir høve til å kjøpa bok og få ho signert, for dei som ønskjer.

Om føredragshaldarane

Anders Røyneberg er kjent frå Instagram-kontoen @arcticgardener og God morgen Norge. Saman med kjærasten Erik Schjerven har han tidlegare gitt ut bestseljarane Plantelykke, Plantebonanza, Livsnytarhagen og Krukkedilla. Bøkene deira er omsette til fleire språk, og Anders si erfaring som agronom og terapeut gir bøkene ei unik, personleg tilnærming til både plantar og menneske.

Heimedyrka –Skap din eigen grønsakhage, uansett plass | 14. jan. 19:00 | Vindafjord bibliotek