Henden- rekviem for en fotograf (Gratis seniorkino)
Noregspremiere! Sjå den varme og usentimentale dokumentaren om krigsfotograf Harald Henden
Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Haldast ikkje i biblioteketStorsalen, Sjøperlo. Dreganesvegen 40, 5580 Ølen
Krigsfotograf Harald Henden var heile Noreg sitt blikk ved frontlinjene i fleire tiår. Over natta må han kjempa sin eigen, personlege kamp.
Den anerkjende krigsfotografen Harald Henden får ein diagnose som ikkje kan bli lækja, og innser at han berre har månader igjen å leva. Tida som følgjer blir fylt av kontrastar – frå sjukehusbesøk til prisutdelingar og varme, humørfylte stunder med hans beste ven Morten.
Samtidig ser Harald tilbake på ei ekstrem tilvære som fotograf stadig klar til å reise, med ein koffert pakka for alt som kan gå gale i nokre av dei verste konfliktområda på jorda. Harald fortel om bileta han har teke, og reflekterer samtidig over bileta han ikkje tok – i augneblinkane der han la frå seg kameraet for å hjelpa.
Rune Denstad Langlo, regissøren av Henden, forventa å møta ein hardhuda krigsfotograf, men sit igjen med biletet av «einaudmjuk gentleman, full av humor og varme».
Harald Henden tok ikoniske bilete som fekk tyding for ei heil verd, og dokumentaren om han løftardei opp på det store lerretet – i ei humørfylt og universell historie om korleis me menneske kan forsona oss med vår avgrensa tid på jorda.
«Rørande, raus og overraskande morosam»
– Adresseavisen
Premiere: 03.10.2025
Originaltittel:Henden – rekviem for en fotograf
Regi: Rune Denstad Langlo
Språk:
Produksjonsår: 2025
Speletid: 1 t. 17 min.
Nasjonalitet:Noreg
Aldersgrense med grunngjeving: 15 år
Produksjonsselskap: Motlys