Onsdagsfilm for vaksne
Film og spel
Vaksne
Velkomen til kinokveld på biblioteket.
Foto: Filmoteket
Foto: Filmoteket
Foto: Filmoteket
Gratis - inga påmelding
Dette arrangementet er gjennomført
Kvar 3. onsdag i månaden synar me fram ein film for vaksne klokka 19.00.
Vil du sikre deg plass, kan du reservere på telefon: 53 65 58 60
Denne veka er det den vakre kjærleikshistoria basert på Knut Hamsun si verdkjente romanklassikar Victoria me synar fram.
Victoria er ei vakker kjærleikshistorie og handlar om det tragiske kjærleiksforholdet mellom Victoria og Johannes.
Johannes og Victoria har vakse opp saman,
ho er dotter til godseigaren og han er son til den fattige møllaren.
Livet skal by på store utfordringar for dei begge før dei
innrømmer kjærleiken sin for kvarandre.
Filmen blir syna fram på lisens frå Filmrommet.