Politisk hjarterom
Kva er viktig for deg i lokalsamfunnet? Samfunnsdelen i kommuneplanen er ute på høyring, og du kan seie kva du meiner. Møt politikarar frå ulike parti og diskuter di hjartesak med dei.
Gratis - inga påmelding
Samfunnsdelen i kommuneplanen er ute på høyring med frist 18. desember.
Er det moment i planen som du saknar eller meiner at er viktig å få med? Eller kanskje noko som du meiner er dårleg prioritering og burde vore vekke?
Samfunnsdelen i kommuneplanen har fylgjande føremål:
"I samfunnsdelen skal me ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for heile kommunesamfunnet og for kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal også gi mål og retning for arealbruken og føringar for utforming av plankartet og føresegnene i arealdelen."
Heile høringsutkastet finn du her:
Politikarane vil gjerne høyre di meining.
Generelt om arrangementet:
Har du av og til spørsmål og tankar du har lyst til å diskutere med nokre av Vindafjord sine politikarar?
Har du sakar du brenn for i lokalmiljøet, men ikkje heilt veit korleis du kan få uttrykka det du meiner til politikarane? Har du lyst til å høyre kva dei einskilte partia i Vindafjord meiner om ulike problemstillingar?I så fall må du ta turen innom «Politisk hjarterom» på biblioteket.
Siste onsdag i månaden har me invitert alle partia som stiller liste i Vindafjord i kommune- og fylkestingvalet 2023 til å kome innom for kort å fortelje om deira standpunkt i aktuelle sakar.
Kvart av partia får tilmålt taletid. Etter dette sirkulerer dei blant gruppene som publikum sit i, slik at alle får høve til å prate med dei ulike politikarane.
Har du spørsmål som du vil høyre politikarane sin meining på? Då kan du sende ein e-post til: silje.holden.birkeland@vindafjord.kommune.no
Velkomen til alle.