Sommarspråktreff
Sommarspråktreff - ein sosial møteplass for både norsk- og framandspråklege.
Gratis - inga påmelding
Fleire arrangement i denne serien
Uansett om du er norsk- eller framandspråkleg, så er språktreffet ein flott plass kor du kan bli kjent med nye personar.
I sommar inviterer me deg til å vere med på språktreff i ein sommarleg variant. Er veret fint kan me gå ein tur medan me pratar og øver på norsk. Er det surt, vått eller kaldt ute, sit me i Sjøperlo hall og nyt ein kopp te eller kaffi medan me pratar. Om me går ein tur, tilpassar lengde på turen ut frå kven som blir med, så her er det berre til å møte opp.
Treffa er kvar onsdag i perioden 2. juli til 13. august. Du treng ikkje å melde deg på, det er berre til å ta turen innom.
Vil du ha meir informasjon, ta kontakt på telefon 53655860.