Sterke lokalsamfunn for ein aktiv og demensvennleg alderdom

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

I samband med Bølga for dei eldre har me direktesendingar av webinar.

Illustrasjon av ein mann som held eit digitalt føredrag.
Illustrasjon av ein mann som held eit digitalt føredrag.
Illustrasjon av ein mann som held eit digitalt føredrag.

Gratis - inga påmelding

Dato

måndag, 29. september

Tid

10:00 - 10:30

Stad

Legg til i kalender

I dette webinaret vil dei vise korleis lokallaga skaper gode møteplassar og meiningsfulle aktivitetar som gjer det lettare og meir morosamt å vera ein del av nærmiljøet.

Dei deler erfaringar frå arbeidet med demensvennlege samfunn og gir døme på aktivitetar som inviterer til fellesskap, glede og engasjement. Dei ønskjer å inspirera deg til å delta, bidra og saman med andre skapa eit lokalsamfunn der alle eldre kan leva aktivt, trygt og med god livskvalitet

Foredragshaldarar: Thea Kristine Lande, rådgivar på folkehelse, Mirjeta Emini, fagrådgivar demens, og Anette Brenden, rådgivar frivilligheit - alle tre i Nasjonalforeiningen for folkehelsen.


Oversikt over alle webinara:

Måndag 29. september 10.00-10.30 - Sterke lokalsamfunn for ein aktiv og demensvennleg alderdom (Nasjonalforeningen for Folkehelsen)

Tysdag 30. september 10.00-10.30 - Å gjere noko for andre gjer noko med deg (Frivillighet Norge)
Tysdag 30. september 12.00-12.30 - Kva og korleis kan me planlegge for eit godt liv heile livet (Senteret for et aldersvennlig Norge)

Onsdag 1. oktober 11.00-11.30 - Likestilling- og diskrimineringsrett for seniorar (Likestillings- og diskrimineringsombudet)

Torsdag 2. oktober 10.00-10.30 - Generasjon – ein aldringsfestival – Kvifor? (Nasjonalt senter for aldring og helse)
Torsdag 2. oktober 11.00-11.30 - Eit liv med meining (Stiftelsen Livsglede for eldre)
Torsdag 2. oktober 12.00-12.30 - Ein heim med meistring og meining (Norges Handelshøyskole)

Sterke lokalsamfunn for ein aktiv og demensvennleg alderdom | 29. sep. 10:00 | Vindafjord bibliotek