Tarjei Skirbekk: Dei moderate folkepartia sitt fall i Europa

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Skular og skuleklassar

Bli med på våre direktesendte føredrag kor du får høve til å stille spørsmål til føredragshaldar.

Profilbilete av Tarjei Skirbekk. Sort, høghalsa genser og blå dressjakke.
Foto: @Senioruni
Profilbilete av Tarjei Skirbekk. Sort, høghalsa genser og blå dressjakke.
Foto: @Senioruni
Profilbilete av Tarjei Skirbekk. Sort, høghalsa genser og blå dressjakke.
Foto: @Senioruni

Gratis - inga påmelding

Dato

måndag, 11. august

Tid

11:00 - 12:00
Legg til i kalender

Ønskjer du å læra noko nytt, utvide horisonten din og bli inspirert? Bli med på våre direktesendte føredrag med anerkjente føredragshaldarar. Du vil få høve til å delta i diskusjonen og stille spørsmål direkte til føredragshaldar.

Kva skjer når dei moderate røystene forsvinn? I dette føredraget utforskar Skirbekk det politiske oppbrotet som pregar Europa i dag. Han ser på kvifor dei tradisjonelle folkepartia, både på venstre- og høgresida, har mist grepet om makta, og kva politiske krefter som veks fram i deira stad. Kva tyder dette for framtida til Europa, og korleis påverkar det den politiske stabiliteten på kontinentet?

Føredragshaldar:

Skirbekk er idéhistorikar med brei erfaring frå norsk og europeisk politikk. Han har mellom anna vore politisk rådgjevar for utanriksminister Jonas Gahr Støre og strategisk rådgjevar for leiinga i Arbeidarpartiet. Skirbekk var med på å etablera tankesmia Agenda og har rådgjeve både det svenske sosialdemokratiske partiet og leiinga i Equinor.

Velkomen til alle.

Om du ikkje har høve til å kome i dag - vil føredraget bli sendt i reprise onsdag i neste veke klokka 17.00.