Tarjei Skirbekk: Dei moderate folkepartia sitt fall i Europa

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Bli med på føredrag med Tarjei Skirbekk. Dette er eit opptak frå måndag 11. august.

Profilbilete av Tarjei Skirbekk. Sort, høghalsa genser og blå dressjakke.
Foto: @Senioruni
Profilbilete av Tarjei Skirbekk. Sort, høghalsa genser og blå dressjakke.
Foto: @Senioruni
Profilbilete av Tarjei Skirbekk. Sort, høghalsa genser og blå dressjakke.
Foto: @Senioruni

Gratis - inga påmelding

Dato

onsdag, 20. august

Tid

17:00 - 18:00
Legg til i kalender

Ønskjer du å læra noko nytt, utvide horisonten din og bli inspirert? Bli med på våre direktesendte føredrag med anerkjente føredragshaldarar. Onsdagar sender me opptak.

Kva skjer når dei moderate røystene forsvinn? I dette føredraget utforskar Skirbekk det politiske oppbrotet som pregar Europa i dag. Han ser på kvifor dei tradisjonelle folkepartia, både på venstre- og høgresida, har mist grepet om makta, og kva politiske krefter som veks fram i deira stad. Kva tyder dette for framtida til Europa, og korleis påverkar det den politiske stabiliteten på kontinentet?

Føredragshaldar:

Skirbekk er idéhistorikar med brei erfaring frå norsk og europeisk politikk. Han har mellom anna vore politisk rådgjevar for utanriksminister Jonas Gahr Støre og strategisk rådgjevar for leiinga i Arbeidarpartiet. Skirbekk var med på å etablera tankesmia Agenda og har rådgjeve både det svenske sosialdemokratiske partiet og leiinga i Equinor.

Velkomen til alle.