Vandrande språktreff
Vandrande språktreff - ein sosial møteplass for både norsk- og framandspråklege.
Gratis - inga påmelding
Uansett om du er norsk- eller framandspråkleg, så er språktreffet ein flott plass kor du kan bli kjent med nye personar. I tillegg får du høve til å bli med i kjekke og lærerike samtalar.
I sommar inviterer me til å gå tur medan ein pratar. Å gå tur har ein stor helsegevinst i seg sjølve, så her får du i både pose og sekk. Me tilpassar lengde på turen ut frå kven som blir med, så her er det berre til å møte opp. Er vêret skikkeleg dårleg, treffes me i Sjøperlo hall.
Treffa er kvar torsdag i perioden 27. juni til 8. august. Du treng ikkje å melde deg på, det er berre til å ta turen innom.
Vil du ha meir informasjon, ta kontakt på telefon 53655860.