Vinje-Roser
Musikk og konsert
Vaksne
Bli med når skodespelar og musikar Magne Skjævesland framfører Vinje-Roser.
Foto: Vinje produksjoner
Foto: Vinje produksjoner
Foto: Vinje produksjoner
Gratis - inga påmelding
Få med deg denne flotte konserten med Magne Skjævesland. Du får høyre ulike songar, mellom anna basert på tekstar av Aasmund O. Vinje (1818-1870).
Vinje var ein allsidig person og verka som både journalist og diktar. Vinje var kjent for sine livlege skildringar og var banebrytande når det kjem til å gjere nynorsk til eit levande bruksspråk.
Magne Skjævesland er musikar og skodespelar og kjent for å ha god kontakt med publikum.
Konserten er gratis.
Velkomen til alle.