Webinar: Ein heim med meistring og meining

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

I samband med "Bølgja for dei eldre" har me direktesendingar av webinarar på biblioteket.

Illustrasjon av ein mann som held eit digitalt føredrag
Illustrasjon av ein mann som held eit digitalt føredrag
Illustrasjon av ein mann som held eit digitalt føredrag

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 2. oktober

Tid

12:00 - 12:30

Stad

Legg til i kalender

I webinaret vil professor Inger Stensaker og professor Therese Egeland samtala med adm. dir. i Stiftelsen Betanien Per Martin Knutsen om planane deira for Generasjonsbyen. Det er ein generasjonsby der menneske i alle aldrar skal kunna leva gode, meiningsfulle liv saman. Dette blir ikkje berre eit eigedomsprosjekt, men ein visjon om korleis framtidas velferdstenester og nabolag kan sjå ut når sosial berekraft står i sentrum.

Samtale med: Inger Stensaker, professor NHH, Therese Egeland, professor NHH, og Per Martin Knutsen, adm. dir. i Stiftelsen Betanien.


Oversikt over alle webinara:

Måndag 29. september 10.00-10.30 - Sterke lokalsamfunn for ein aktiv og demensvennleg alderdom (Nasjonalforeningen for Folkehelsen)

Tysdag 30. september 10.00-10.30 - Å gjere noko for andre gjer noko med deg (Frivillighet Norge)
Tysdag 30. september 12.00-12.30 - Kva og korleis kan me planlegge for eit godt liv heile livet (Senteret for et aldersvennlig Norge)

Onsdag 1. oktober 11.00-11.30 - Likestilling- og diskrimineringsrett for seniorar (Likestillings- og diskrimineringsombudet)

Torsdag 2. oktober 10.00-10.30 - Generasjon – ein aldringsfestival – Kvifor? (Nasjonalt senter for aldring og helse)
Torsdag 2. oktober 11.00-11.30 - Eit liv med meining (Stiftelsen Livsglede for eldre)
Torsdag 2. oktober 12.00-12.30 - Ein heim med meistring og meining (Norges Handelshøyskole)

Webinar: Ein heim med meistring og meining | 2. okt. 12:00 | Vindafjord bibliotek