Webinar: Generasjon – ein aldringsfestival – Kvifor?
I samband med "Bølga for dei eldre" har me direktesendingar av webinarar på biblioteket.
Gratis - inga påmelding
Med fleire eldre får me og fleire erfarne og ressurssterke personar med tid og innsikt. Det gjev oss ei unik moglegheit for vekst, dristig endring og ein klokare, varmare fellesskap. Me vil gjennom Generasjon – ein aldringsfestival stimulera til nye tankar og gode nabolag, gje deg vakre opplevingar og nyttig kunnskap for ei betre framtid.
Foredragshaldar: Anna Helle-Valle, Konseptutvikler/festivalsjef, Nasjonalt senter for aldring og helse.
Oversikt over alle webinara:
Måndag 29. september 10.00-10.30 - Sterke lokalsamfunn for ein aktiv og demensvennleg alderdom (Nasjonalforeningen for Folkehelsen)
Tysdag 30. september 10.00-10.30 - Å gjere noko for andre gjer noko med deg (Frivillighet Norge)
Tysdag 30. september 12.00-12.30 - Kva og korleis kan me planlegge for eit godt liv heile livet (Senteret for et aldersvennlig Norge)
Onsdag 1. oktober 11.00-11.30 - Likestilling- og diskrimineringsrett for seniorar (Likestillings- og diskrimineringsombudet)
Torsdag 2. oktober 10.00-10.30 - Generasjon – ein aldringsfestival – Kvifor? (Nasjonalt senter for aldring og helse)
Torsdag 2. oktober 11.00-11.30 - Eit liv med meining (Stiftelsen Livsglede for eldre)
Torsdag 2. oktober 12.00-12.30 - Ein heim med meistring og meining (Norges Handelshøyskole)