Webinar: Likestilling- og diskrimineringsrett for seniorar
I samband med Bølga for dei eldre har me direktesendingar av webinarar på biblioteket.
Gratis - inga påmelding
I dette webinaret får du innsikt i korleis aldersdiskriminering kan komma til uttrykk, og kva krav likestillings- og diskrimineringslova stiller til offentlege aktørar. Du vil læra om korleis likestillingsplikta gjeld for alder på lik linje med andre diskrimineringsgrunnlag, og korleis offentlege styresmakter må arbeida aktivt for å fremja like moglegheiter for alle.
Foredragshaldarar: Warvin Ringkjøb, seniorrådgivar, og Marie Mutoni Arnesen, rådgivar Likestillings- og diskrimineringsombudet.
Oversikt over alle webinara:
Måndag 29. september 10.00-10.30 - Sterke lokalsamfunn for ein aktiv og demensvennleg alderdom (Nasjonalforeningen for Folkehelsen)
Tysdag 30. september 10.00-10.30 - Å gjere noko for andre gjer noko med deg (Frivillighet Norge)
Tysdag 30. september 12.00-12.30 - Kva og korleis kan me planlegge for eit godt liv heile livet (Senteret for et aldersvennlig Norge)
Onsdag 1. oktober 11.00-11.30 - Likestilling- og diskrimineringsrett for seniorar (Likestillings- og diskrimineringsombudet)
Torsdag 2. oktober 10.00-10.30 - Generasjon – ein aldringsfestival – Kvifor? (Nasjonalt senter for aldring og helse)
Torsdag 2. oktober 11.00-11.30 - Eit liv med meining (Stiftelsen Livsglede for eldre)
Torsdag 2. oktober 12.00-12.30 - Ein heim med meistring og meining (Norges Handelshøyskole)