13. juni - 17. august
Sommar på biblioteket
Sommar + bibliotek = sant!
Velkomen til ein sommar full av opplevingar på biblioteket i Vindafjord. Me held ope heile sommaren – og har noko for alle, uansett alder og interesse.
📍 Du finn oss midt i Ølen sentrum, rett ved aktivitetsparken– perfekt for ein pause i sola eller ein aktiv dag med familien.
Premiar og kodeord til Sommarles finn du nedst i artikkelen.
📚 Biblioteket – ein møteplass for glede, fantasi og fellesskap i sommar
Sommaren på biblioteket handlar ikkje berre om bøker – det handlar om å møtast, oppleve, lære og le saman. Her er det rom for både rolege stunder og livlege aktivitetar, for små og store, gamle og unge.
Biblioteket er ope måndag til torsdag 10-18, fredag og laurdag 10-15. Har du signert meirope-kontrakt? Då har du tilgang kvar dag frå kl. 07.00 til 22.00.
Dette kan du sjå fram til:
Gamingveka (veke 23): Turneringar i digitale spel – bli med og spel deg til topps.
- Digital teikning (veke 27–29): Lær å bruke Procreate på iPad – kreativ moro for alle.
- Symaskin – svipp innom (veke 27–29): Lær å bruke symaskin og få smarte tips.
- Seniorgaming & Digihjelp: Teknologi og spel for dei godt vaksne.
- Høgtlesing & Sommarkino: For dei små og heile familien.
- Sommarspråktreff: Treff nye folk og øv på språket i sommarvarmen.
- Broder med oss: Kreativ ro og hygge med nål og tråd.
Sjå oversikt arrangement for meir informasjon.
Me er med på Sommarles!
Sommarles er ein digital lesekampanje for barn i 1.–7. klasse, og me heiar på alle som vil vere med! Du finn alt du treng å vite på sommarles.no. På biblioteket kan du få hjelp til å registrere deg, hente premiar og bli med på ekstra moro:
✍️ Skrivekonkurranse: Har du ein forfattar i magen? Skriv ei forteljing og lever ho inn – kanskje er det du som vinn! Konkurransen er for alle som er med i sommarles og blir arrangert i samarbeid med Etne bibliotek.
Forteljinga må byrja med:
"Det var heilt stille i huset då Thomas vakna.
Ingen lydar frå kjøkkenet, ingen lydar frå badet.
Alle rom var tomme. Kor var alle saman?
Plutseleg høyrde han ein lyd."
Forteljinga skal vere 1-2 sider lang, og leverast på e-post til vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no eller etne.bibliotek@etne.kommune.no.
Du kan og levere på papir til eit av biblioteka i Etne eller Vindafjord.
Start-teksten er skriven av forfattar Ingvild Bjerkeland
🕵️♀️ Gåtejakt: Bli med på ei spennande jakt gjennom biblioteket – finn løysingane og bli med i trekninga av fine premiar!
Fellesskap og aktivitetar for alle
Her kan du:
🎲 Spele brettspel eller sjakk med vener
☕ Slå deg ned i aviskroken med ein kopp kaffi og ein god prat
🧩 Bygg med LEGO eller bli med på kreative verkstadar
🎮 Spele digitale spel frå klokka 12.00 måndag til fredag
🧵 Lære å bruke symaskin eller brodere saman med andre
📚Sjølvsagt låne med deg bøker og tidsskrift
Du kan til og med låne aktivitetsutstyr som hengekøye, boccia, bordtennis, paddelutstyr og meir.
Her er det plass til alle – og det beste av alt? Det kostar ingenting å vere med.
Premiar Sommarles 2025
Undrar du på kva du kan vinne på Sommarles? Her er oversikta.
Sommarles - Kodeord kapittel 2
Sommarles - Kodeord kapittel 2
Sommarles - Kodeord kapittel 1
Sommarles - Kodeord kapittel 1