Spennande forteljingar som gir skriveglede
Få inspirasjon til å skriva ei spennande forteljing til sommarens skrivekonkurranse!
Nå startar biblioteka i Vindafjord og Etne sin skrivekonkurranse for alle som er med på Sommarles. Skriv og send inn ein spennande forteljing som skal byrja slik: "Det var heilt stille i huset då Thomas vakna. Ingen lydar frå kjøkkenet, ingen lydar frå badet. Alle rom var tomme. Kor var alle saman? Plutseleg høyrde han ein lyd." Treng du inspirasjon til å dikta vidare? Kva med ein av desse bøkene?
Heidi Berakvam
Vindafjord bibliotek
Forfattaren har skrive startteksten til skrivekonkurransen og er på besøk 31. mai på biblioteket!
ReserverEi grøssande og spennande forteljing som endeleg har fått ein oppfølgjar.
ReserverEit ekte helte-eventyr full av action, mystikk og spenning.
ReserverDei heroiske detektivane er aldri langt unna når dyr er i fare. Perfekt for ferske lesarar.
ReserverJon blir rekruttert og blir den hemmelege agenten Johnny 777. Han sendes ut på oppdrag verda over.
ReserverDei modige tvillingane drar ut på ein fargerik eventyrreise kor berre fantasien setter grenser!
ReserverDet skjer mystiske ting i havet, men Ophelia er uredd i møtene med sjømonstre og mektige krefter.
ReserverDet er skumle ting i skogen utanfor Trollheim. Venene må kjempa mot gamal ondskap for å redda verda.
ReserverBerre ein ekte helt kan fri udyra frå forbanninga og hindra dei frå å øydelegga landet.
ReserverSkrekkfilm i bokfrom! Skumle ting skjer når Sanna, Oksana og Robin overnattar aleine på eit hotell.
ReserverI skogen skjuler det seg noko mørkt og uhyggeleg. Intens forteljing for eldre barn og ungdom.
ReserverVed eit uhell startar ein brann i skogen, og det ender i katastrofe. Klarar alle å koma seg unna?
ReserverHannah og bestevenen Einar har sans for mysterier, hemmelegheiter og sykling!
Reserver