Til tenester og tilbod

Rom og utstyr

Meirope bibliotek

Har du behov for å bruka biblioteket ut over vanleg opningstid? Teikn kontrakt på meirope bibliotek.

Biletet synar ei kvinnehand som held ein nøkkel. Handa held nøkkel slik at den er klar til å låse opp dør.
Foto: No-longer-here @ Pixabay
Biletet synar ei kvinnehand som held ein nøkkel. Handa held nøkkel slik at den er klar til å låse opp dør.
Foto: No-longer-here @ Pixabay
Biletet synar ei kvinnehand som held ein nøkkel. Handa held nøkkel slik at den er klar til å låse opp dør.
Foto: No-longer-here @ Pixabay

Av og til har ein trong for å gjera bruk av biblioteket ut over vanleg opningstid. Kanskje ein vil jobba med studie, lesa ei avis, spela sjakk, levera eller låna bøker, søka etter og tinga bøker på våre digitale hyller, eller berre slappe av med ei god bok på kvelden.

Då kan det vere greitt å veta at Vindafjord bibliotek er eit meirope bibliotek. Det vil seie at du har høve til å gjera bruk av biblioteket frå klokka 07.00 til klokka 22.00 kvar dag heile året.

Korleis få meirope


For å kunna gjera bruk av det meiropne tilbodet må du vere registrert lånar, vera over 16 år, samt teikna eigen kontrakt for meirope bibliotek.

I den meiropne opningstida vil bibliotektilbodet vere ubetent, då biblioteket berre er betent i vanleg opningstid.
Våre betente opningstider finn du her.

Personvern meirope bibliotek

Under meiropen tid (det vil seie utanom betent opningstid) er biblioteket overvaka av video. Dette er for lånarane sin tryggleik, samt for å sikra utstyr og inventar som er i lokala. Opptaka blir behandla etter gjeldande lovar og forskrifter.

Hærverk vil bli meldt til politiet, og du vil bli stilt ansvarleg for eventuelt skadeverk.

Fullstendig kontrakt for meirope bibliotek finn du her (PDF, 118 kB)

Kontakt

Vindafjord kommune
Ansvarleg redaktør: Silje Holden Birkeland
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content